Tekst

Helge Torvund:

Liv i menneskerom

7. juni 2000 07:41

Hå gamle prestegard: Mette Lorentzen, oljemaleri

Mette Lorentzen fører oss inn i eit rom der me har vore før. Ikkje bare

er det gjenkjennelege menneskerom i ein bygård, men

det er òg eit kunstnerisk rom med mange trådar til fortida.

Desse realistiske skildringane av eit par i ulike rom i deira

bybustad gjev ikkje bare assosiasjonar til dei melankolske

skildringane til folk som Lucien Freud.

Ser ein på fargebruken i det uttrykksfulle «Sovende mann

omkranset av rød dyne», kan ein lett finna gjenklangar frå

renessansen. Men ofte nyttar Lorentzen eit objekt med sterkt

fargefokus, ei oransje T-skjorte, ei turkis dyne, ei dør der

lyset skin gjennom ruglete ruter, - og opnar på denne måten ei

sanseleg dør inn til vår eiga tid. Ho skildrar med

gjennomtrengjande atmosfære og ein opplagt kjærleik til det

kvardagslege menneske i sine rom, eit tilvære prega av

tristesse og merkt av det levde.

Gjennom snapshot-metoden fører ho oss inn i augneblenken. Men

støyter sjølvsagt og på det fundamentale problem for all slik

kunst: Korleis skapa ein truverdig illusjon av at dette bilete

som kunstnaren har arbeidd med i time etter time, vert

tilskodaren sitt innblikk i eit nå. Ho klarar det. Ho klarar

det på den måten at me vert merksame på at me skifter mellom

to aspekt ved måleria hennar: me ser inn i eit menneske sitt

liv, eit menneske som seint på natta ligg halvnaken på sofaen

med fjernkontrollen i handa og ser døsande på fjernsyn, eller

eit menneske som held på å kle på seg og finn fram klede frå

eit skap, eller eit anna menneske som søv etter ei uroleg natt

eller etter elsking.

Og me skifter til medvitet om at me ser på produktet av ein

tolmodig kunstnar som sjølv etter at fotografiet har gjengitt

slike augneblinkar i over hundre år, trur at oljemåleriet kan

tilføya noko anna. Og det viser ho at det kan.

Gjennom avskjæringar og komposisjon lar ho oss sjå direkte og

nært på noko som skjer. Men av og til vert det likevel litt

oppstilt, som i «Mellom rom» som elles har gode kvalitetar,

eller for nært, som i «Etterlatenskap». Fotobaserte studiar

kan og gje litt stor vekt på lokalfargen nokre gongar. Då vert

delen sin samanheng med heilskapen redusert.

Men det er samanheng som er hovudverknaden i desse måleria.

Samanhengen mellom nå og før, mellom menneske og det som

omgjev dei. Morgonlys gjennom ei ruglete rute, ei oransje

T-skjorte; i utgangspunktet kan nett det tidsprega vera både

smaklaust og stygt, men måleriet famnar dette i eit

kunstnerisk grep som gjer det vakkert og eksistensielt. Dette

er liv i menneskerom.